Søk Asset 1 Meny Asset 1
markedsavdelingen-i-Biblioteksentralen
Marknadsavdelinga på Biblioteksentralen gleder seg til bokhausten. Her representert ved: Ane Drabløs Pettersen (t.v.), Thale Jerpseth, Bente Simensen og Aud Kristine Johnsen.
Foto: Jens-Chr. Strandos
Vis bildetekst

Desse bøkene er verdt å få med seg

Eit knippe av dei som jobbar i Biblioteksentralens marknadsavdeling deler sine beste tips for bokhausten 2016.

Kvar vår får Biblioteksentralen besøk av ei rekkje forlag som presenterer haustens boklister. Dette gir tidleg og brei oversikt over både bøker som utmerkar seg og generelle trendar, noko som er viktig når BS-katalogen blir laga. Her er nokre av bøkene du bør leggje merke til i år.

Perfekte norske familiar – eller ikkje

– Det er alltid spennande å kikke inn bak gardinene til folk, seier marknadskonsulent Thale Jerpseth.

– Eg las Therese Aasviks Fie faller og Janne Drangsholts Ingrid Winters makeløse mismot i fjor. Dette er bøker om ekte kvinner, bak interiørmagasina, Eames-stolane, karrierane og dei lykkelege ekteskapa. I haust gleder eg meg til å kikke bak fleire fasadar, for eksempel i Slik lever vi her, som er Mari Ulsets tredje roman, og i Nei og atter nei av Nina Lykke. I bøkene møter vi Åshild og Ingrid, som begge er blant desse kvinnene som stadig jaktar på det perfekte liv – men som ikkje heilt får det til.

Dilla på Ferrante

– Eg har rett og slett fått heilt dilla, seier Aud Kristine Johnsen om Elena Ferrantes Napoli-kvartett. Aud er mellom anna ansvarleg for kundebiblioteket i Biblioteksentralen. Ho ser fram til den fjerde boka i serien, som har fått tittelen Historia om det tapte barnet.

– Først og fremst fordi eg er så utruleg spent på korleis det går med Elena og Lila, dei to hovudpersonane.

Aud har dessutan høge forventningar til Maretorn. Dette er Tone Almhjells andre fantasybok for barn og unge, og ein frittståande oppfølgar til Vindeltorn frå 2013.

– «Vindeltorn» var heilt spesiell, fantastisk fin. Og når ein forfattar skriv ei så sterk debutbok, er det klart at ein gleder seg veldig til bok nummer to.

Harry Potter i ulike former

Bente Simensen jobbar med bøker for barn og unge i marknadsavdelinga.

– Det er to bøker eg vil trekkje fram, og begge handlar om same person, sjølvaste Harry Potter. For kven har ikkje latt seg fascinere av dette fantastiske universet? I oktober blir teatermanuset Harry Potter og barnets forbannelse utgitt på norsk. Dette reknast som den åttande boka i serien om den unge helten. I tillegg kjem Harry Potter og mysteriekammeret i ei utgåve som er gjennomillustrert av Jim Kay. Desse illustrasjonane gir nytt liv til historia, dei er rett og slett magiske!

Spennande debutant på engelsk

For dei som helst vil lese bøker på originalspråket, eller berre ikkje har tolmod til å vente på norske omsettingar, er det verdt å ta ein titt på engelske titlar. Nina Therese Kvil er ein av dei ansvarlege for utanlandske bøker i Biblioteksentralen. Ho har merka seg Keith Stuarts debutroman A boy made of Blocks.

– Boka byggjer på forfattaren sitt eige familieliv med ein autistisk son. Førehandsomtalane lovar veldig bra, og Stuart blir alt no samanlikna med forfattarar som Nick Hornby og David Nicholls.

I tillegg ventar Nina spent på Ian McEwans Nutshell.

– McEwan er ein dyktig historieforteljar, og eg har vore begeistra for dei tidlegare romanane hans.

Når det gjeld engelske bøker for barn, er David Walliams ein klar favoritt. Den nye biletboka til den britiske forfattaren er venta i oktober og har fått tittelen There’s a snake in my School!

– Denne gleder eg meg til å lese saman med sonen min. Walliams skriv morosame og heilsprø historier som både små og store kan ha glede av.