Søk Asset 1 Meny Asset 1
Leseland inneheld  forteljingar og faktabøker på ulike lesenivå for ferske og litt meir røynde lesarar. I Visste du at-bøkene kan du til dømes lese overraskande fakta om våre firbeinte vener.
Leseland inneheld forteljingar og faktabøker på ulike lesenivå for ferske og litt meir røynde lesarar. I Visste du at-bøkene kan du til dømes lese overraskande fakta om våre firbeinte vener.
Foto: Ane Drabløs Pettersen
Vis bildetekst

Lettlesne nynorskbøker på utlånstoppen

1 av 10 barn i Noreg lærer seg å lese på nynorsk. Likevel finst det knapt lettlesne bøker på denne målforma. Det skal serien Leseland endre på. Imponerande utlånstal viser at dei er godt på veg.

– Det er eit veldig stort behov for lettlesbøker på nynorsk. Tilbodet har vore mildt sagt elendig, fortel Inger Karin Dyrnesli, biblioteksjef på Voss bibliotek, og legg til:

– Difor har vi vore glade for bøkene i Leseland-serien. Dei er enkle å formidle.

BOK-PUSHER: Inger Karin Dyrnesli, biblioteksjef på Voss, er glad for å kunne tilby fleire lettlesbøker på nynorsk. Det har vore mangelvare fram til no. Foto: Privat.

Like populære som Pingle-bøkene

På Voss bibliotek har Leseland-bøkene treft eit stort publikum. På ti-på-topp-lista over utlånte barnebøker finn du fleire av bøkene side om side med den amerikanske bestseljarserien En Pingles dagbok. Biblioteksjefen understrekar at foreldre og barn sjølve spør etter bøkene, men det høge utlånet er òg eit resultat av omfattande formidling.

– På Voss bibliotek arrangerer vi leseaksjonen Leseknappen kvart år. Alle andreklassingar kjem til biblioteket i samband med aksjonen, og då presenterer vi bøkene i Leseland for dei. Vi har også laga eit ark med boktips der bøkene er med, seier Dyrnesli og utdjupar:

– Vi stiller Leseland-bøkene ut i eigne hyller på biblioteket, og sjåføren på bokbussen vår har dei med på ein bokkarusell og pratar om bøkene. Han opplever at lærarane er veldig nøgde. Dei kjenner elevane godt og veit kva dei treng. Lærarane set pris på at bøkene er inndelt i lesenivå.

POPULÆRT: 7 av 10 titlar på utlånstoppen for barn på Voss bibliotek er frå Leseland. Berre Pingle-bøkene har like mange lånarar. Foto: Frå avisa Hordaland, 12. januar 2017.

Lettlesne og interessante

Agnes Kirste, som er rektor på Bergsøy skule i Møre og Romsdal, stadfestar at det er fint at bøkene er inndelt i lesenivå, så det er lettare å sjå kva som passar for den einskilde eleven uavhengig av alder. På skulen er bøkene eit supplement til lesetrening.

– Bøkene brukast mest til stillelesing og som utlånsbøker elevane kan ta med seg heim. Bergsøy skule er delt inn i ei avdeling for 1.–4. trinn og ei for 5.–10. trinn. Bøkene brukast frå dei yngste trinna opp til om lag sjuande trinn, seier Kirste, som ser fleire grunnar til å ha Leseland:

– Vi kjøper bøkene både fordi dei er på nynorsk, som det ikkje finst så mange av, men også fordi dei er lettlesne og interessante.

– Alle skal kunne finne si bok

Nettopp mangelen på gode, lettlesne bøker på nynorsk har vore den sterkaste drivkrafta for forlaget som gjev ut Leseland-serien:

– Lesing er grunnlaget for alt. Det er difor vi har laga denne serien, fordi det er ein demokratisk rett å ha tilgang til bøker på språket sitt, seier Bente Lothe Orheim, redaktør for Leseland-serien i Samlaget.

SYNLEGGJERING: – I byrjinga reiste vi mykje rundt for å gjere serien kjent. No ser vi at formidlarane i bibliotek og skule sjølve pratar om bøkene. Det er veldig kjekt, seier Bente Lothe Orheim som er redaktør for Leseland-serien. Foto: Samlaget.

Kvart år byrjar om lag 8.000 barn på skulen med nynorsk som hovudmålform, syner tal frå Grunnskolens informasjonssystem. Tala viser òg at det i skuleåret 2016–2017 går 76.549 elevar i grunnskulen med nynorsk som hovudmål. For desse barna finst det i dag få lettlesbøker å lese på fritida eller til lesetrening i skulesamanheng for å bli røynde lesarar.

– Då vi lanserte dei 12 første bøkene i Leseland, fanst det frå før om lag 20–25 lettlesbøker for barn på nynorsk i sal. Leseland auka tilbodet med over tretti prosent, fortel Orheim og avsluttar:

– Målet er å byggje ut serien, slik at alle skal kunne finne si bok. Då må det vere mange bøker å velje i, både når det gjeld tema og nivå. Vi er godt i gong, til no er det 44 bøker i serien. I åra framover skal det komme 10–15 bøker i året.

Kort om LeselandAsset 1

• Leseland er ein lettles-serie for barn utgitt av Samlaget.

• Bøkene er utvikla i samarbeid med leseforskarar, og serien inneheld omsette titlar og bøker som er skrive av norske forfattarar.

• Bøkene er delte inn i fem nivå, frå bøker for dei som nettopp har lært å lese til dei som har knekt lesekoden og er meir uthaldande i lesinga si.

• Bøkene finst som papirbok og som lese-app.

Leseland-bøkene kan du bestille i pakker eller enkeltvis, sjå nettbutikkene til BS Undervisning eller Biblioteksentralen for meir informasjon.