Søk
Close this search box.

Fristande formidling på Voss

Voss bibliotek var ute etter ei nettsideløysing som legg til rette for enkel publisering og god formidling. Etter eit omfattande forarbeid fall valet på Libry Content.
ritha-helland-biblioteksjef-voss
Ritha Helland er biblioteksjef i Voss kommune. Foto: Helene Gjertsen

– Då det vart klart at vi trengte ei ny nettsideplattform ønska vi å gå grundig til verks for å kartleggje alternativa våre. Vi kontakta difor fleire leverandørar, og fekk tilgang til å teste dei ulike løysingane. Det seier Ritha Helland, biblioteksjef på Voss. Ho fortel at dei hadde eit klart bilete av kva dei ønska seg og hadde behov for.

– Noko av det viktigaste for oss var at løysinga skulle vere intuitiv og brukarvenleg, slik at terskelen for å legge ut innhald blir låg. God universell utforming la vi òg stor vekt på.

Les meir om korleis vi jobbar med universell utforming i Libry Content her

Nynorsk er viktig

Sidan Voss er ein nynorskkommune var det dessutan avgjerande at løysninga kunne leverast med eit grensesnitt på rett målform, seier Helland.

– Dette har vi sjølvsagt vore påpasselege med. Vi må kunne tilby ein nettstad på nynorsk til brukarane våre.

Ei intern arbeidsgruppe testa dei ulike løysingane systematisk og laga vekting på mellom anna funksjonalitet og brukarvenlegheit. Etter endt testperiode var det altså Libry Content som kom best ut.

Her kan du sjå dei nye nettsidene til Voss bibliotek

Positivt med Lesersørvis i formidlingsløysinga

Voss bibliotek har fått prosjektmidlar frå Nasjonalbiblioteket for å jobbe strategisk med Lesersørvis i 2023. Ein del av prosjektet er å skrive fleire bokmeldingar.

– Målet er å forankre Lesersørvis som metode i biblioteket. Dette handlar om at vi skal få eit felles begrepsapparat, eit språk som vi alltid kan bruke når vi driv med formidling. I skranken, i bokpratane våre og på nett.

– Vi vart difor positivt overraska då vi oppdaga at appellfaktorane og leseforslag er ein integrert del av løysinga for bokanbefalingar i Libry Content. Om det ikkje akkurat var avgjerande for at vi valde denne plattforma, var det definitivt ein stor bonus!

Er du nysgjerrig på Libry Content? Les meir her.


Les også

Simon Stranger på scenen på høstens bokdager i Biblioteksentralen.

Inntrykk fra høstens bokdager i Bibliotekenes Hus

– Det har vært utrolig fint å møte alle de som jobber med litteratur og formidling hver dag og som gjør en så viktig jobb med å fange unge lesere, sier Simon Stranger. Han var en av forfatterne som deltok på bokdagene høsten 2024.

Brukerinnsikt gjennom dialog

Det nye brukerpanelet og tiltaket «Ukas bibliotek» gir oss bedre innsikt i hva bibliotekene trenger i utviklingen av nettsider og digital formidling, forteller Ane Drabløs Pettersen i Biblioteksentralen.